Baker Hansen Chet på norsk Oslo/Ål Korleis kan ein lytte med nye øyre på nokre av dei mest kjente klassikarane frå jazzlitteraturen? Og korleis tolke ein gigant som Chet Baker i ny, norsk kontekst? Baker Hansen har sidan 2010 laga sine eigne musikalske forteljingar, baserte på musikken som Chet Baker spelte. Historiane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss - og konsertane vert ei øyreopnande oppleving som publikum på godt over 200 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om. Me har dei seinare år inngått eit samarbeite med saxnestor John Pål Inderberg. Baker Hansen har gjeve ut tre album med Chet på norsk, Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016). og Live i Oslo med John Pål Inderberg (2019). Sigurd Rotvik Tunestveit - vokal og gjendikting Erlend Skorpen - trompet Kjetil Jerve - piano Stian Andreas Egeland Andersen - bass Tore Flatjord - trommer